Kinn kommune-hero-background

Landbrukssjef


Søknadsfristen har utløpt.
Se alle våre nåværende stillingsannonser.
Kinn kommune
Florø
Søknadsfristen har utløpt

Kinn kommune er den mest mangfaldige kommunen i landet og her finn ein det meste av urbane tenester, trivelege bygder og ein natur som spenner frå storhavets bølgjer til mektige brear i det indre. Moglegheitene for friluftslivet er utømelege. Kommunen er med over 17 000 innbyggarar ein av dei største i Vestland fylke, og byane Florø og Måløy er administrasjonssenter.
 
Kommunen sitt oppdrag innan landbruksforvaltninga er å ta vare på landbruket, miljøet og naturgrunnlaget, og vi skal levere gode tenester og vere ein god samfunnsutviklar. For å gjere dette treng vi dyktige og motivert medarbeidarar. I kommunen har vi om lag 150 søkarar av produksjonstilskot og dei viktigaste landbruksproduksjonane er mjølk, kjøt og grovfor. Hjorteforvaltning er viktig i Kinn og det vert felt over 1000 dyr kvart år i kommunen.
 
Det er no ledig ei fast heiltidsstilling som landbrukssjef. Stillinga ligg til avdelinga arealforvaltning og byggesak, landbruk. Avdelinga har 20 tilsette og eit godt arbeidsmiljø.
 

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for forvaltning og oppfølging av tilskotsordningane i landbruket
  • Pådrivar og ansvarleg for næringssaker innan tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar i landbruket
  • Ansvar og rettleiing innan saksfelta jordbruk, skogbruk, vilt- og utmarksforvaltning
  • Handsaming av konsejsjonssaker
  • Oppfølging av bu- og driveplikt
  • Oppfølging av veterinærvaktordninga
  • Vurderingar etter jordlova

 

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitetsutdanning innan naturforvalting, viltforvaltning, biologi, veterinærfaget, jord- og/eller skogbruksfag er ønskjeleg. Anna relevant utdanning / praksis kan og vere aktuell.
  • Praksis frå offentleg / privat forvaltning med vekt på jord, skog, areal- og miljøspørsmål
  • God generell IT-kompetanse
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar vil bli tillagt stor vekt
  • Initiativrik, sjølvstendig, ryddig, serviceinnstilt og målretta

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode moglegheiter for å utvikle kommunen, tenesta og eigen kompetanse
  • Telefonordning
  • Gode pensjonsvilkår
  • Om ein tilset veterinær kan det være moglegheit for å inngå i vaktordning. Stillingsandel knytt til forvalting og vaktordning kan tilpassast etter ynskje.

Valfri kontorstad: Måløy eller Florø 

Kontaktinformasjon

Leni Marie Lisæter, Plansjef, +47 99029461, 

leni.liseter@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Magnus Thingnesgate 1

6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4675819889

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.01.2024