I eining Forvaltning innan Samfunnsutvikling og drift er det no ledig ei rådgjevarstilling. Eininga har seks tilsette, og har ansvaret for sakshandsaming hovudsakeleg innanfor fagfelta plan, byggjesak, kart og oppmåling, natur og miljø, forureining og landbruk. Me sel også tenester til Austevoll kommune innanfor landbruk og miljø.
Den ledige rådgjevarstillinga vil i hovudsak vera knytt til landbruks-, vilt-, natur- og miljøsaker.
Fast kontorstad for stillinga er Fitjar rådhus. Stillinga krev litt reising i Fitjar og Austevoll i samband med synfaringar og møte. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Arbeidsoppgåver:
Fitjar kommune er ein liten organisasjon, og den som vert tilsett må rekna med å ta del i andre saker på eininga. Me forsøker å fordela arbeidsoppgåvene mellom dei tilsette etter interesse og kvalifikasjonar.
Kvalifikasjonar for stillinga:
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verta vektlagde.
Me kan tilby
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt det spesifiserast i søknaden og grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med kommunalsjef for Samfunnsutvikling og drift, Louise Pettersen, tlf. 415 77 063.
Søknadsfrist: 27.06.2025
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.