Me har ledig 100% fast stilling som skog- og utmarksansvarleg frå 1. februar 2024.
Stillinga er organisert i Plan-, næring- og kulturetaten, i eit tverrfagleg miljø med blant anna ansvar for kultur, plan/byggjesak, oppmåling, reiseliv, landbruksforvaltning (jord og skog) og næringsarbeid.
Hovudansvarsområde som ligg til stillinga:
Stillinga har ei utadretta rolle mot skognæringa, og jobbe med blant anna aktuelle utviklingsområde innan blant anna skog- og utmark.
Kvalifikasjonskrav
· Relevant høgare utdanning på bachelornivå
· Gode digitale ferdigheiter
· Erfaring frå offentleg forvaltning og prosjektarbeid er ein fordel
· God munnleg og skriftleg framstillingsevne
*) Utdanninga vil avgjere om stillinga blir plassert som rådgjevar eller konsulent.
Personlege eigenskapar
· Vere engasjert, vise evne til å setje klare mål, ta initiativ og gjennomføre, vere fleksibel.
· Evne og vilje til å samarbeid -- både internt og ut mot samarbeidspartnerar
· Positiv og serviceinnstilt, gode samarbeidsevner
· Førarkort kl. B (må kunne disponere eigen bil)
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr:
• Interessante og varierte arbeidsoppgåver
• Hyggelege kollegaer og ein god arbeidsplass
• Opplæring og kompetanseoppbygging
• Fleksibel arbeidstid, gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Lønn etter avtale.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med kommunalsjef Knut Erik Paulsen mob.: 90528586, eller knuterik.paulsen@tokke.kommune.no
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad sendast på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Velkomen som søkjar!
Søknadsfrist: 14. november 2023