Vågå kommune-hero-background

Skogbruksmedarbeidar i 60 % - Prosjekt skogsatsing i Midt- og Nord-Gudbrandsdalen


Søknadsfristen har utløpt.
Se alle våre nåværende stillingsannonser.
Vågå kommune
Vågå
Søknadsfristen har utløpt

Vi søkjer etter prosjektmedarbeidar i 60 % stilling til eit skogsatsingsprosjekt over tre år (2024-2026) i Midt- og Nord-Gudbrandsdalen. 

Prosjekttittelen er "Klima- og stedstilpasset skogbruk i en grøn framtid".

Hovudmålsettinga er auke i skogbruksaktiviteten som et bidrag til det grøne skiftet. Men gjennom eit meir stadtilpassa og klimavenleg skogbruk med auka satsing på framtidsskogen gjennom riktig planting og ungskogpleie.

Prosjektsatsinga vil bl.a. omhandle arbeid med nettverksbygging, rekruttering og kompetansebygging. Samt arbeid med auka produktivitet basert på eit stadtilpassa og klima-, natur- og miljøvenleg skogbruk.

Utvikling av eit moderne og klimatilpassa skogsvegnett vil vere sentralt. Samt påverke og utvikle verkemiddelbruken i skogbruket tilpassa framtidas investeringar.

Komplett prosjektsøknad får du ved å kontakte Weydahl.

Vi ynskjer ein utåtvend, målretta medarbeidar med relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå og som har stort engasjement for skogbruk. 

Prosjektmedarbeidaren skal ha kontorplass i Vågå, på felles landbrukskontor for Sel og Vågå. Vi tek atterhald om at prosjektet blir fullfinansiert.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Nærmare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av: Landbrukssjef Per Ivar Weydahl på telefon 920 41 410.

Søknadsfrist: 28.11.2023

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Om arbeidsgiveren

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.