Likar du å jobbe ute, er nysgjerrig på skogbruk eller berre søkjer etter ein sommarjobb. Då har du ein kjempemogelegheit. Skogselskapet i Sogn og Fjordane leiter etter ungdom mellom 15-25 år til sommarjobb i skogen i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.
Dette er eit sommarjobbtilbod som i hovudsak strekk seg over minst 3 veker. Arbeidsperioden blir avtalt nærmare med Sogn og Fjordane Skogselskap.
Hovudoppgåvene for stillinga er:
Arbeidsstad vil vere spreidt i regionen, og ein vil difor vere avhengig av at minst ein i kvar arbeidsgjeng har tilgang på bil.
Løn:
Lønn etter tariff.
Kvalifikasjonar mv.:
Du må like å arbeide ute i all slags vær og sommarjobb kan være fysisk krevjande. Du må komme deg til ein avtalt oppmøtestad på eigenhand. Du vil jobbe saman i eit lag og dykk vil ha ein arbeidsleiar som følgjer dykk opp i det daglege. Arbeidsgjevar vil vere behjelpeleg med overnattingsmogelegheiter og stå for arbeidsutstyr (plantespett, ryddesag, drivstoff etc).
Søkjarar som får tilbod om sommarjobb, blir sertifisert gjennom gratis kurs i planting, og ungskogpleie med motorryddesag. Kurset vil gå over 2-3 dagar i veke 25 eller etter avtale.
Prosjektleiar JOB:U, Skogselskapet i Sogn og Fjordane er Ruben Rundsveen Bøtun, tlf: 9576 1717
Skriftleg søknad og CV med referansar sendes pr e-post innan 31. januar 2024 til ruben@skogselskapet.no.
I søknaden må det stå: